Velkommen til EIDSDAL Næringsutvikling AS

 

FORSIDE

 

VELKOMMEN TIL EIDSDAL NÆRINGSUTVIKLING AS!

Eidsdal ligg i Norddal kommune, på sørsida av Norddalsfjorden. Det meste av kommunen er no ein del av UNESCOs verdsarv, og Eidsdal er den naturlige innfallsporten til verdsarvområdet, som omgir bygda på alle kantar.

Dalen er ein av dei mest særprega på Sunnmøre - og særs storslått er naturen rundt Eidsvatnet - om lag 10 km oppe i bygda på vegen mot Geiranger.

Eidsdal byr på vakker og overraskande natur. Fjell med formasjonar du neppe finn maken til, gardsbruk som ligg så høgt at setrane dels ligg under dei som til dømes Kilsti, Løvoll, Kleiva og Storås. Frå Kilsti og Storås er det ein fantastisk utsikt - vel verd ei vitjing!

Se bilde på toppen...

Gjennom heile dalen går den berømte vegen "The Golden Route" som knytte Eidsdal og Geiranger saman med Trollstigen og Romsdalen gjennom ferjesambandet over Norddalsfjorden frå Eidsdal til Linge.

14. juli 2005 var det avgjort at Geirangerfjorden er med på UNESCOs verdsarvliste. Verdsarvområdet er stort og ligg rundt Eidsdal som ein hestesko. Stranda kommune (som Geiranger høyrer til) og Norddal kommune (som Eidsdal høyrer til) har dermed fått eit kvalitetsstempel og ein status på lik linje med andre verdskjende områder som til dømes Grand Canyon, Galápagosøyane og Yellowstone naturpark.

 

EIDSDAL
forside om oss Attraksjoner/aktiviteter kontakt info næringsliv/overnatting bildegalleri lenker forside om oss produkter prosjekter gjestebok kontakt Nor-Partner Norge AS Send mail Nor-Partner Norge AS Send mail forside om oss produkter prosjekter gjestebok kontakt
Nor-Partner Norge AS Send mail Forside Om oss Kampanje Samarbeidspartnere Kontakt Nor-Partner Norge AS Nor-Partner Norge AS Send mail forside om oss produkter Behandlinger priser kontakt Send mail Nor-Partner Norge AS Send mail