Velkommen til EIDSDAL Næringsutvikling AS

 

ATTRAKSJONER/AKTIVITETER

 

Sommar som vinter er Eidsdal eit godt utgangspunkt for turar i fjellet. Ynskjer du å vandre i den vakre naturen, er det mange merka turstiar å velje mellom. Her kan du nyte den mektige naturen i ro og fred. Dersom det er grupper som ynskjer å ha med seg kjentmann, er det berre å ta kontakt så ordnar vi det.

For fiskeinteresserte er moglegheitene mange.
Fjorden ligg der tilgjengelig for alle - og det er mogleg å leige båt.
Eidsdalselva som renn gjennom dalen er ei god lakseelv - og faktisk er elva ei av dei få som er igjen med villaks. Sesongen er frå 15. juni til 15. august og fiskekort kan du kjøpe hjå Th. Ytterdal.
Eidsvatnet er eit av dei beste aurevatna i landet som ligg ved ein riksveg.

Ynskjer du leik og moro, kan de til dømes more dykk i ballbingen ved Eidsdal Skule.

Vi kan også tilby meir organiserte aktivitetar med guide. Nokre døme er:

  • Vandring frå garden Kleiva til Severinbrauta:


    Severinbrauta

    Her køyrer vi buss frå kaia opp til Kleiva. Så vandrar vi "gamlevegen" ned til Severinbrauta, ein husmannsplass som no er vorte museum.

  • Kilsti Gard:
    Kilsti gard ligg 425 m.o.h. og er ein gard med unik kulturformidling og ein fantastisk utsikt over Storfjorden. Her lærer vi historia til dei som rudde her, om dyr og om dei som bur der no. Buss opp og ned.
  • Bygdevandring:
    Området i Eidsdal sentrum har vorte ein spanande plass. Ikkje berre finn vi spor etter vikingbusetnad, men det er også har ein del plassar med kulturhistorisk verdi. Første stopp er Th. Ytterdal som ligg ved kaia - og som framleis er ein landhandel på gamlemåten. Handverkshuset har salsutstilling av lokale handverkarar. "Skulemeisterbakken" har husa både ein skulemeister og jordmora Jensine. Kvart år arrangerast Jordmormarsjen (www.jordmormarsjen.no). Så stoppar vi på Bruland - huset som ligg nesten midt i elva - som har husa ein stor ungeflokk i tillegg til skifabrikk.
  • Herdalssetra:


    Herdalssetra

    Vi tek buss frå kaia opp til Herdalssetra. Setra ligg ca 500 m.o.h. ved det vakre Herdalsvatnet, midt i det verna verdsarvområdet. Her opplever vi moderne mjølkeproduksjon i eit over 300 år gamalt setermiljø - eit levande museum med andre ord. Tradisjonane vert tekne vare på med mellom anna mjølking for hand og ysting av brun og kvit geitost. Setra er open i 3 månadar, frå jonsok til september.
  • Tur på fjorden:



    Fjordturar kan tilby en tur på fjorden. Båten M/B Siwa kan ta 12 passasjerer og du velger selv om du vil prøve fiskelykken, om du bare vil ha en fredelig og koselig sightseeing i verdensarvfjorden eller du vil ha skyss til Geiranger eller andre steder i nærheten. Vi formidler kontakt og bestillinger og legger til rette for en flott opplevelse på fjorden. M/B Siwa har løyve for både mat og drikke, og vi kan anbefale dette tilbudet på det sterkeste.
    Hjemmeside: www.fjordturar.no
  • Geiranger:
    Busstur med stopp ved Eidsvatnet. Stopp på Ørnesvingen med superb utsikt over Geirangerfjorden og bygda Geiranger - og endar opp ved kaia i Geiranger.
EIDSDAL
forsideom ossAttraksjoner/aktiviteterkontakt infonæringsliv/overnattingbildegallerilenkerforsideom ossprodukterprosjektergjestebokkontaktNor-Partner Norge ASNor-Partner Norge ASSend mailforsideom ossprodukterprosjektergjestebokkontakt
Nor-Partner Norge ASSend mailForsideOm ossKampanjeSamarbeidspartnereKontaktNor-Partner Norge ASNor-Partner Norge ASSend mailforsideom ossprodukterBehandlingerpriserkontaktSend mailNor-Partner Norge ASSend mail