| |
Eidsdal har tradisjonelt vore - og er
framleis - ei landbruksbygd, med stor spennvidde i både
produksjonsformer og storleik på bruka. Melkeproduksjon
er framleis dominerande - med produksjon av mjølk
frå ku og geit. Dei seinare åra har turisme
blitt stadig viktigare som næringsveg.
I tidligare år hadde bygda mange fabrikkar, alt
frå møbelfabrikkar (vi er jo på Sunnmøre…),
skjortefabrikk til skifabrikk, men no er dei anten lagt
ned eller flytta ut av bygda.
Når det gjeld overnatting, kan Eidsdal - saman
med bygdene omkring - tilby overnatting som spenner
frå det mest komfortable til det meir enkle. Sjå
til dømes linkane nedanfor for overnatting
- Ytterdal
Camping i Eidsdal
- Petrines
Gjestgiveri i Norddal
- Union
Hotell i Geiranger.
Blant andre bedrifter, er det verd å
nemne:
- Coop Eidsdal - matbutikk
med posttenester. Butikken ligg ved ferjekaia.
- Th. Ytterdal - landhandel
med alt frå mjølk til "snurrepiperier".
Landhandelen ligg ved ferjekaia. I tillegg har Th.
Ytterdal ein innhaldsrik souvernirbutikk som ligg
vegg-i-vegg med Coop.
-
Sparebanken Møre - bankfilial ved ferjekaia.
Open måndag, onsdag og fredag.
- Sjøkanten Mat &
Vinhus - spisested på ferjekaia. Tek også
bussgrupper.
- Handverkshuset - spanande
sted som opna i 2005. Brukskunstnarar frå heile
området har salsutstilling her. Kafé.
Tek bussgrupper.
- Indreeide
Mek. Verkstad - bilverkstad med spesialitet på
lakk og karosseri.
- Storfjord Rørservice
AS - bygda sin rørleggjar.
|